Dette er en kommentar, skrevet av en innsender. Kommentaren gir uttrykk for innsenderens holdninger.

Av: Andreas Rørvik Godø

Derfor blir det VAR eller MEG

Eg har bestemt meg.

Dersom VAR fortsetter etter fotballtinget over nyttår, så ryk TV2-abbonementet.

Dersom det skjer med AaFK si støtte, så fornyer eg ikkje sesongkorta mine.

VAR

VAR lovde at dømminga skulle bli rett og rettferdig.

VAR lovde at vi skulle sleppe å diskutere dommeren etter kamp.

VAR sa ingenting om korleis den skulle påvirke kampopplevelsen.

NFF sa at VAR ikkje skulle koste norsk fotball noko som helst, dette skulle TV2 dekke.

Samanlikninga med videodømming i tennis set fingeren på det faglige hovedproblemet med videodømming i fotball.  I tennis er det alltid tydelig rett eller galt, ballens posisjon er per definisjon alltid på bakken like ved linja i øyeblikket som skal vurderast.  I fotballen er omtrent kvar einaste situasjon i ein gråsone.  Frispark eller ikkje frispark, kort eller ikkje kort, grensa mellom det eine eller det andre utfallet er ikkje gitt.  Dommeren må legge lista, dømme nokonlunde likt kampen gjennom.  Det er vanskelig.  Og det er umulig å bli venn med tilhengerane til begge laga samtidig.  Men dommeren bestemmer.  Vi protesterer til tider både høgt og ufint, men vi veit det og vi aksepterer det.  Visste.  VAR sitt svar på gråsonane er å kun blande seg inn ved «clear and obvious» feil.  Gratulerer, der innførte dei akkurat ein ny gråsone inne i den eksisterende gråsonen.  «Feil, men ikkje feil nok» har blitt det nye «rett».

Dette gråsoneproblemet er det som har gjort VAR så glad i svart/kvitt-situasjonane.  Dei prøver å vere tennis.  Hands; enten var ballen i handa eller så var den ikkje.  Med stadig meir kompliserte reglar for å forklare kva som er lovlig og ulovlig hands.  Offside; enten er det offside eller så er det ikkje.  Med ditto regelskriving.  VAR har flytta unaturlig mykje fokus til desse situasjonane.  Der dommeren før raskt tok ei avgjersle ut frå det han ser, det reglane seier og ein dose fornuft og speleforståelse.  Av og til blei det feil, stort sett rett.  Det same som VAR oppnår no.  Men med VAR er alle dei gode unnskyldningane for småfeila forsvunne.

«Straffa skulle bli tatt på nytt», sa Erling Moe, «keeperen gjekk før straffa blei tatt».  Men VAR var berre 99% sikre på at dommeren tok feil, så då var det rett å ikkje rette feilen.  «VAR vel utført» notert i statistikken. *1)  «Det skulle ha vore straffe», sa Kjetil Knudsen, «han kunne knekt foten på spelaren vår».  Men dommeren såg berre at han traff ballen først.  Kva VAR tenkte veit ingen, men dagen etter sa VAR at VAR tok feil, medan dommaren meinte at VAR tok feil då VAR sa at VAR tok feil. *2)  Moe og Knudsen hadde nok vore misfornøgde med denne dømminga også utan VAR, men då hadde dei lettare kunne akseptere det.  For det er fullt forståelig at dommarane dømte som dei gjorde.  Men skal ikkje alle desse skjermane og dommarane sørge for at rett blir rett?  Eller er det viktigaste er at dei kan konkludere i ettertid med at dei gjorde rett i følge «protokollen»?  «Faglig sett er vi nesten perfekte», seier dei, og lager sin eigen statistikk for å vise nettopp det.

MEG

Eg rekner meg som ein av dei meir interesserte.  AaFK og norsk fotball er viktig for meg.  Brann med Erik Soler og Fridtjof Wilborn er den første kampen eg husker frå Kråmyra.

Pablo Herrera, Øyvind Gram, Nenad Novakovitch, Dan Peter Ulvestad, Tramaine Stewart, Thomas Martinussen,  Halli Gudmundsson, Henrik Bjørdal, Paulo dos Santos, Jonny Hansen, Bechara Oliveira.  Eg trur eg husker kvar einaste som har spelt eliteseriefotball for Aalesund og kan fortelle ei historie om dei fleste.

Hans Jørgen Andersen, Kristian Klausen, Frode Myklebust, Mark Quamina, Finn Saltskår, Christian Busæt, Frank Austdal, Axel Martinussen, Ingolf Røren, Erling Ytterland, Bjørn Brungot, Dede Anderson.  Skal nok klare ganske mange av dei som har spelt for oss utanom eliteserien og.

Sverre Økland, Joakim Barstad, Izatullah Ahmadzei, Ola Ljoså, Anders Waagan, Thomas Pedersen, Didrik Fløtre, Christian Myklebust, Kristoffer Tollås, Rune Alnes Dyb.  Spelerane vi venta på og gledde oss til skulle bli det neste store, men som ikkje blei det likevel.

Herman Ekeberg, Frank Lunde, Ola Engvik, Ann Kristin Aarønes, Sturla Voll, Rune Røed Olsen, Bjørn Erik Melland, Jonas Sunde, Sindre Eid, Sven Giske.  Opp gjennom åra har eg hatt mange gode samtalar og til dels også godt samarbeid med menneska i klubben.

Forresten; Dersom nokon har sett katten vår som har vore savna sidan tidlegare i haust, Lille Barrantes, så blir eg glad.

Eg har sikkert lagt ned eit årsverk eller to for Aalesund.  Tilbake har eg fått ei jakke, ei jubileumsbok, mange gode opplevelser og ein viktig del av identiteten min.  Eg hadde eit femsifra antall innlegg på Speakers Corner, ikkje dei kortaste.  Eitt år skreiv eg den offisielle adventskalenderen på aafk.no med 24 til dels ganske gode tekstar.  Eit par år etterpå var eg også halvoffisiell bloggar på same heimeside med ei rekke tekstar.  Ein av dei blei tatt ned etter at Vålerenga klaga på at eg var for tøff med dei, ein annan førte til ein telefon frå og ein hyggelig lunsj med Kjell Tenfjord etter eg døypte han «den usynlige mannen».

Sidan eg flytta heim i 2007 har eg vore på alle heimekampane eg har hatt anledning til, dei fleste åra med sesongkort på langsidene.  Eg reiste faktisk heim frå ferie for å få med meg den første europacupkampen mot Motherwell.  I fleire år var eg initiativtaker og organisator for at breiddeklubben min skulle ha eit par kioskar på CLS, og eg har nær kontinuerlig tatt med venner, fotballag og kollegaer på kamp.  Har stort sett kasta meg på alle kampanjene Aalesund har dratt i gang for å få folk og liv på stadion.

Eg trur eg har mitt på det tørre når eg seier at eg er ein lojal og engasjert AaFK-patriot, som har gjort alt eg kan for å støtte klubben, hjelpe den opp og fram og spre den oransje bodskapen.  Eg håper eg har gjort meg fortjent til at klubben lytter til stemma mi og tenker seriøst gjennom det eg skriv.

Fotball, Samfunn & VAR

VAR har fått meg til å stille eit spørsmål eg aldri har stilt meg før.  Spørsmålet som ingen fotballsupportarar bør stille seg.  Heller ingen andre som investerer store deler av fritida eller yrkeskarrierene sine i fotballen.

Kva er poenget?

For sjølv om «22 mann som spring etter en ball» er flåsete sagt, så stemmer det faktisk bedre enn eg liker å innrømme.

Det enkle svaret er «fotball er underholdning».  Dette er sjølvsagt ein del av bildet. Men var det ikkje meir, så kunne vi enkelt ha erstatta fotballen med TV-serier, brettspel, kammermusikk eller videoer av folk som skader seg på morsomme måtar.

Den viktigaste eksistensberettigelsen til toppfotballen er at den er ein friplass.  Eit avbrekk frå alt vi lever i frå dag til dag.  Fotballen er dønn seriøs og blodig viktig, det er ein avgrunn mellom siger og tap.  Samtidig som vi er fullstendig klar over at den egentlig er ein uviktig leik som ikkje påvirker oss meir enn vi gir den lov til.  Fotballen er muligheten til å kaste dei vanlige rollane og maskene våre.  Alder, geografi, sosial status, politisk ståstad; alt dette er uviktige detaljer så lenge fargen på skjerfet er rett.  Stadion er plassen der vi får lov å sleppe følelsane lause, både gleden og aggresjonen.  Eg har dansa med og klemt kjente og ukjente, og ropt ting eg er sjeleglad at ingen høyrde.

Samtidig med innføringa av VAR har vi fått ei samfunnsutvikling som gjer VAR til ein direkte trussel mot fotballen som friplass.  Vi har fått fake news, alternative fakta, kunstig genererte videoar, faktasjekk, skamlause løgner, vitenskapsfornektelse; fortsett lista sjølv.  Kort sagt kan vi knapt stole på det vi leser og ser.  Vi må vurdere alt, velge kven vi stoler på og alltid halde open muligheten for at vi blir lurt.

Fotballkampane var ein friplass frå dette.  Kan fortsatt vere det, om vi vil.  Utan VAR er fotballen ekte.  Det vi ser er det som skjer.  Etter eit sekund har dommeren sagt sitt.  Vi jubler når vi skårer, vi hoier og hyler og går videre når vi er misfornøgde med motspelerane, dommerane eller våre eigne.

Med VAR er det ikkje sånn.  Det vi ser er ikkje lenger sant, vi kan i alle fall ikkje stole på det.  Var ballen ute?  Spelet går videre, men er det vits?  Vil ikkje målet uansett bli annulert om vi skårer?  Eit mål er ikkje eit mål lenger.  Ikkje før det usynlige sannhetsminesteriumet har sagt sitt.  Vi veit aldri når dei vil bryte inn.  Men frykter det alltid. Dei sjekker alle mål, seier dei.  Avgjerslene går frå sanntid til «når vi har bestemt oss».  Dei sterkaste følelsane kan ikkje flytte med.  Fotballen med VAR har gått frå å vere ekte til å vere kunstig.

VAR-tilhengerane

Joda, dei finns.  I følge diverse påstander er dei til og med i fleirtal.  Vi kan grovt sett dele dei i to undergrupper:

Dei som aktivt argumenterer for VAR

Denne gruppa er totalt dominert av personar med eit profesjonelt forhold til fotballen, publikum er usynlige.  Dommarar, journalistar og personar med administrative oppgaver i fotball-Norge er dei typiske representantane.  Fotballen er sjølvsagt viktig for dei – det er trass alt den dei lever av og med kvar einaste dag – og dei aller fleste starta antakeligvis som engasjerte fotballsupportarar.  Men i sine nye roller er nettopp profesjonalitet, til dels nøytralitet og i alle fall ikkje voldsomt engasjement, viktige delar av jobbeskrivelsen.  Dei har tid til å puste med magen og vente til at VAR har sagt sitt, og etterpå ta diskusjonen om det som blei gjort var rett.  Det krever godt uvikla empati frå desse for å forstå påvirkninga frå VAR, kor øydeleggende den konstante usikkerheten er, og ikkje minst kor skjerende urettferdig det føles når VAR ikkje leverer rettferdigheten den påstår den skal levere.  Kanskje dei ikkje liker at eg skriv det.  Men der VAR-motstanderane lever for fotballen, så lever denne gruppa av den.

Den stille majoriteten

Alle som ikkje er heilt mot VAR blir ofte rekna som for VAR.  Ein veldig stor andel av dei som blir telt som VAR-tilhengarar svarer «vil ha VAR, men det må forbedrast».  Med ei litt anna vinkling kunne desse blitt definert som VAR-motstandarar.

To hovedlinjer går att når eg diskuterer med dei.  Den eine er at dømminga blir rett.  Innsalget har virka, sjølv om det er ein sannhet der modifikasjonane er større enn sannheten.

Den andre er at dei er lei maset.  Dei er lei av å høyre om VAR.  Dei er i alle fall lei av folk som kaster fiskekaker og tar seg til rette på andre måtar.  «VAR er her, la oss fortsette», er essensen.  Dei har svart på spørsmålet «skal vi fortsette med VAR», og bekrefta det.  Dersom spørsmålet var å fortsette utan VAR, så ser eg for meg at dei ville ha vore like positive til det.  Dei er mange, men meiningane er ikkje sterke.  Om VAR forsvinn, så blir det ikkje noko ramaskrik herifrå, det er ikkje veldig viktig for dei.

AaFK

Gunnar Haagensen, Maria Elena Kvalen, Egil Eliassen, Egil Gjørtz, Peter Orry Larsen, Anne Tafjord Seth og Henrik Hoff.  Det er dagens styre.  Ta med daglig leiar Tarjei Omenaas, så har vi gjengen som styrer klubben vår.  Det er dei som bestemmer kvar vi står i denne saken.

Mi bønn til dei er å sjå på heilheiten.  Ikkje sjå seg blinde på påstanden om at fotballen blir meir rettferdig med VAR.  Ikkje la seg skremme av truslane om at alle andre har det, at VAR er her for å bli.

Sjå på motforestillingane.

Det mest handfaste er økonomien.  Dagens utgave, som få er fornøgde med, koster titalls millionar. (17? 25? Dette er i tillegg til TV2 sine utgifter.)  Raymond Johansen og VAR-utvalget har lært oss at eit forbedra VAR vil koste bortimot 100 millionar. (75? 85? Fortsatt i tillegg til TV2-kostnadane.)  Husk også at «forbedra VAR» framleis ikkje er «perfekt VAR», og at mange av utfordringane ikkje er mulige å løyse.  Diskusjonane vil fortsette.  Er dette beste måten norsk fotball kan bruke alle desse ressursane på?  Store mengder penger og innsats går i dette sluket.

Sjå på tilhengerane.  Eit samla supporter-Norge ønsker VAR vekk.  Aalesund Support inkludert.  Det er desse som drar stemninga på stadion.  Korleis ville kampane ha vore på Color Line Stadion dersom det var stille bak mål?  Kor stolte er vi ikkje av alt TIFO-gjengen får til?

Sjå på korleis VAR faktisk virker.  Kor mykje av det dei gjer – eller ikkje gjer – som er omdiskutert eller i ein gråsone.  Som likevel er «heilt etter VAR-protokollen».  Leit gjerne fram straffa Markus Karlsbakk laga mot Viking i fjor.  Når VAR ikkje retter opp slikt, er det openbart at rettferdighetsfølelsen får ein alvorlig knekk.  Han fekk til og med gult kort fordi det var hans ansvar at armen var der den var…

Sjå på kor liten forskjell VAR gjer på ein tabell etter 30 serierunder.  Sjølv om det retter nokre feil underveis, betyr det knapt noko på tabellen.  Så stor innsats, så mykje kontrovers, så lite betydning.

Tenk på tilskuertalla på kampane våre.  Frå glansdagane har det gått nedover år for år.  Til no er det dei minst interesserte som har forsvunne.  Med VAR risikerer ein å miste dei mest engasjerte.  Lojaliteten til Aalesunds Fotballklubb bør ligge til medlemmane, vi som bryr oss om klubben, vi som møter opp.  Kva NFF seier er det ingen grunn til å legge vekt på.

Hald fotballen ekte.  Der alle gjer så godt dei kan, er 100% inne i kampen og går videre etterpå.

Tenk sjølv.  Be om hjelp om det trengs.  Bestem, til beste for klubben og fotballen.

Og eg?  Eg avventer resultatet.  Håper at klubben framleis ønsker å ha med slike som meg.  I motsatt fall så gjer eg som eg har sagt.  Det finns mykje anna godt eg kan bruke tida og livet på.

Fotnoter:

*1) Denne VAR-vurderinga i runde 27 var forskjellen mellom 4.og 5.plass for Molde i årets eliteserie.  VAR bestemte med andre ord at Molde ikkje skal spele europacup neste sesong (og kanskje at Erling Moe skulle få sparken), fordi det (etter deira eige utsagn) var 1% sannsynlighet for at dommeren hadde rett.  Dette er tydeligvis i henhold til VAR-protokollen, eg veit ikkje kor stor trøst Molde-tilhengerane finn i det.

Legg også merke til at motstander i kampen var Bodø/Glimt.  Dei berga uavgjort på denne avgjersla.  Til slutt betydde det ingenting for dei, men det kunne veldig lett ha servert dei gullet på bekostning av Brann.

Fordi VAR bestemte det, med tid, kamera og vinklar til rådighet.  Et det dette som er rett og rettferdig?

*2) Denne VAR-vurderinga i runde 26 var forskjellen mellom 4.og 5.plass for Rosenborg i årets eliteserie.  VAR bestemte med andre ord at Rosenborg skal spele europacup neste sesong (og kanskje at Alfred Johansson skulle bli årets trener), fordi dei (etter deira eige utsagn) gjorde feil.  Dette er openbart ikkje i henhold til VAR-protokollen, eg veit ikkje om Rosenborg-tilhengerane har dårlig samvit av den grunn.

Legg også merke til at motstander i kampen var Bodø/Glimt.  Dei mista uavgjort på denne avgjersla.  Til slutt betydde det ingenting for dei, men det kunne veldig lett ha servert gullet til Brann på deira bekostning.

Fordi VAR oversåg det, med tid, kamera og vinklar til rådighet.  Er det dette som er rett og rettferdig?